Velkommen

For nokre år sidan tenkte eg at blogging – det skulle eg aldri halde på med. Eg ville heller skrive bøker, og sånn blei det.

I dei siste 4 åra har eg skrive, skapt og utgitt ein serie med sju barnebøker: Bjørnen Tor-serien. 

Det har vore ei bratt læringskurve, og undervegs blei eg motivert til å dele nokre av erfaringane frå den spennande prosessen. Så: Velkomen til denne bloggen. Ein blogg som aldri kjem til å handle om kvardagslivet mitt, sminke og mote, men om skriving og relaterte emner. 

Sidan skrivinga mi inkluderer musikk, kan musikk kome til å bli eit tema. Mat kan også bli eit tema, sidan skrivinga mi har involvert baking. (Av ei ganske ekkel kake, om eg skal seie det sjøl. Men, eg skuldar på Bjørnen Tor for at kaka blei som ho blei. Det var han som stappa heile gulrøter ned i røra.) Avslutningsvis så vil nok bloggen handle om tema som eg ikkje anar kva er per i dag – eg kan knapt vente til å finne ut kva desse kjem til å vere!

Lin-Marita Sandvik – forfattar, fotograf, lektor, hobbymusikar